Julestengte veier på Vestlandet
For første gang blir rv. 7 over Hardangervidda åpen hele jule- og nyttårshelga. Ikke alle veier er like heldige. Fra Statens vegvesen har vi fått en oversikt over julestengde veier på Vestlandet.
Stengde vegar i jule- og nyårshelga Strynefjellet (rv. 15):stengt for trafikk i Strynefjellstunnelane grunna vegarbeid frå måndag til torsdag mellom klokka 07:00 og 17:00. Det vert opna for kolonnekøyring klokka 10:15, 13:00 og 15:45 frå vestsida, med retur frå austsida etterpå. Arbeidet blir avslutta før jul den 22.12.2010 klokka 17:00. Tunnelane vert opne for fri ferdsel alle dagar mellom jul og nyttår. Etter nyttår startar arbeidet måndag 03.01.2011 klokka 07:00
Vikafjellet:vanleg døgnope
Grunna vêrtilhøva tek Statens vegvesen også atterhald om at opningstidene kan bli endra.
Ved vanskelege køyreforhold kan det bli innførd kolonnekøyring, eller vegen kan bli stengd. Dette gjeld alle fjellovergangane på Vestlandet.
Desse vegane er tidlegare varsla stengte:
fv. 13 Gaularfjellet vinterstengt fv. 258 Gamle Strynefjellsvegen - vinterstengt fv. 52 Sognefjellet vinterstengt fv. 243 Aurland-Lærdal vinterstengt fv. 520 Hellandsbygd-Røldal vinterstengt Fv. 520 Saudafjellet vinterstengt Trafikantar som skal krysse fjellovergangane i jule- og nyårshelga kan halde seg orientert om vêr- og føreforhold ved å ringja tlf. 175 eller sjekkewww.vegvesen.no.
Der ligg meir informasjon om køyreforhold og vegstengingar.