Hopp til innhold

Avskilt køyretøyet før nyttår

Dersom du ikkje brukar køyretøyet ditt lenger, bør du avskilte det før årsskiftet.

Enlarged image

RASKA PÅ: Hvis du vil sleppe å betale årsavgift må kjenneteiknet leveras inn før nyttår. Foto: Tollvesenet - Charlotte Sverdrup

Hvis du ikkje gjer det må du betale årsavgift for 2015.

Alle som står som eigar av eit køyretøy i motorvognregisteret den 1. januar 2015, vil få tilsendt eit årsavgiftskrav i februar. Det vil seie at dersom du ventar til etter nyttår med å avskilte eit køyretøy du ikkje bruker, må du betale årsavgifta for 2015.

Avgiftsplikt Årsavgifta gjeld frå 1. januar til 31. desember kvart år, og bileigarar må betale avgifta innan 20. mars.

Satsar Stortinget vedtek storleiken på avgifta kvart år. Sjå satsane for 2015 nedst i saka. Årsavgifta for campingvogner er fjerna i 2015.

Fritak for årsavgifta Dersom køyretøyet blir registrert avskilta hos Statens vegvesen seinast 31. desember 2014, skriv Tollvesenet ikkje ut avgift for 2015.

Leverer du køyretøyet til vraking/hogging hos ein godkjend oppsamlingsplass/vrakplass eller til bilopphoggeri seinast ved betalingsfristen 20. mars, får du fritak for avgifta, eventuelt refusjon om den allereie er betalt.

Redusert avgift For køyretøy som vert levert til vraking/hogging hos ein godkjend oppsamlingsplass/vrakplass eller til ein bilopphoggar i perioden etter betalingsfristen 20. mars og til og med 30. juni, blir halv avgift betalt tilbake til sist registrerte eigar.

 Satsar for 2015

Type køyretøy

2014

2015

Bensinbilar og dieselbilar med fabrikkmontert partikkelfilter

2.995

3.060

Dieselbiler utan fabrikkmontert partikkelfilter

3.490

3.565

Campingtilhengarar

1.120

utgår

Motorsyklar

1.835

1.875

Traktorar, mopedar mv

425

432

Les meir: Oversikt over vrakplassar/oppsamlingsplassar Vrakpant