Hopp til innhold

Lønshopp i november

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp 1,1 prosent frå oktober til november 2014. Løningane gjorde eit byks i november.

Enlarged image

DYRARE: Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvis endring frå same månad i fjor. Tabell: Statistisk sentralbyrå.

Kostnader til service og reparasjonar har auka mest i 2014. Sidan november i 2009 har totalindeksen auka med 16,4 prosent.

Opp 1,3 prosent totalt Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) stige med 1,3 prosent.

Lønsindeksen auka med 2,5 prosent den siste månaden. Frå november 2013 til november 2014 har lønsveksten for tilsette i lastebiltransport vore på 3,3 prosent.

Tabell: SSB
Enlarged image

Høgare administrasjonskostnader Administrasjonskostnadene gjekk opp 1,4 prosent frå oktober til november 2014. Det siste året har dei totale kostnadene stige med 3,0 prosent.

Auka dieselprisar Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen auka med 1,3 prosent frå oktober til november 2014. Dei siste tolv månadene gjekk drivstoffindeksen ned 2,2 prosent.

Nedgang i kapitalkostnadene Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,7 prosent den siste månaden. Frå november 2013 til november 2014 auka kapitalindeksen med 0,1 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,3 prosent frå oktober til november 2014. Det siste året gjekk reparasjons- og servicekostnadene opp 3,9 prosent.

Detaljer Detaljert informasjon fås ved å abonnere på det månedlige indeksheftet som utgis av Norges Lastebileier-Forbund i samarbeid med Statistisk sentralbyrå.

For medlemmer i NLF er deler av denne statistikken tilgjengelig på lukket medlemsområde.